Smak frå Øvre

Kom og føl den stille atmosfæren, høgt og fritt i unike lokaler i ombygd låve. Nyt norsk tradisjonsmat og mat frå fjerne strøk, gode sunne råvarer frå skog og mark, signaturrettar laga frå bunn av og laga med ekte matglede.
Du kan føle deg heime i lukta av bakst frå steinovnen og nyte utsikta frå den store verandaen, rusle rundt på tunet eller ta deg ein tur i den flotte naturen både sommar og vinter.
Her kan du feire store og små dagar, firmafester eller julebord. Vi strekker oss for å tilpasse ditt ynskje for ramma rundt dagen. Du og dine gjester disponerer ferdig pynta lokaler med plass til 40 – 50 personer. Vi er tilstede heile tida og serverer festen med maten dykk har bestilt.
Det vil også bli ulike kurskvelder alt etter sesong.

Olava Stova

Frå Naustdal sentrum 1 mil mot dalen på eit høgdedrag 212 meter over havet, ligg Øvre Kalland. Vi tok over heimgarden til Liv Unni i 2010 og hadde planer om å drive garden på ein utradisjonell måte. Med den fine beliggenheta midt i naturen, usjenert ved enden av vegen, ville vi skape oss ein arbeidsplass der vi nyttar alle dei gode verdiane som er her.

Vi har investert all fritid dei siste åra for å skape vårt unike gardstun, med god plass til å kose seg ute i hagen, på verandaen og inne i lokalet.

No står Olava Stova der på murane av den gamle låven, med vel 140 kvadratmeter. 3 siloar i betong er tatt vare på og implementert i bygget. Alt anna er nytt, med plass til 40 – 50 personer i stova. Store glass mot sør og vest, der viser naturen sitt maleri alt etter årstid. Steinovnen pryder stova og gir både varme og god mat. Låvebrua er ivaretatt og ynskjer alle gjestar velkomen med med original stigning inn til Olava Stova.

Vi lager maten på eit moderne kjøkken og serverer tradisjonsmat og ulike signaturrettar med inspirasjon frå fjerne strøk.

Vi leverer også catering ut av bygget og vil også arrangere aktive kurs eller kosekveldar.

Olava Stova ligg ca 20 min frå Førde og 40 min frå Florø.